top of page
Sjodalen_Fjellturer_Nærhet_til_natur_Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-1-1 (1).jpg

“Skulle ønskje eg vaks
opp på ein slik stad.”

Hedvig Wessel, skistjerne

Stillingsslepp på komtiloss.no! 

Din draum – vår kvardag

Å flytte til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.

Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-3-2-1-1024x683.jpg
Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-21.jpg

Ein god stad å vekse opp

Ved middagsbordet fortel ungane om geitekillingane dei har klappa, auren dei lurte i bekken – og har det brenntravelt med å kome seg ut att i akebakken eller den råe sykkelparken vi har midt i Vågå sentrum - Villaparken - etablert av sjølvaste André Villa.

Mali hovedbilde_kom-til-oss_Nord-Gudbrandsdalen.jpeg.jpeg

Kva med jobben?

I Vågå og ellers i Nord-Gudbrandsdalen har vi gode og variert jobbmoglegheiter. Kvart år i byrjinga av året har vi eit stillingslepp, der hundrevis av stillinger lyses ut for Nord-Gudbrandsdalen. Følg med for å finne drømmejobben på bygda.

Besseggen 

Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg har verdsattraksjonen gitt lokalt reiseliv eit kraftig lyft – og nye tilbod og aktivitetar skyt opp kvar sesong.

 

Andre reisande valfartar til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, dei unike nasjonalparkane – og akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg.

Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-7.jpg

Tumleplassen

Å slå rot og finne sin plass i Vågå er lett – av di så mange har gjordt det før deg. Her finn du raskt mange likesinna, anten dei har budd i Vågå heile livet eller fløtt hit med familien. Eit enormt aktivitetstilbod, levande og kompakt sentrum og godlynte bygdefolk gjer Vågå til ei bygd der det er superartig å vekse opp, stimulerande å vere vaksen og godt å bli gamal.

Follow us on Instagram

Vegen til Vågå

Vågåmo, 2680 Vågå

Fjellbygda Vågå ligg midt i smørauget av norske fjell og dalar – med kort veg til Vestlandet og god kommunikasjon til sentrale Austland​. Visste du at Vågå er omkransa av heile fem nasjonalparkar?

Bil: 4 timar til Oslo, ein halvtime kjappare til Trondheim

Buss: Ekspressruter til Vestlandet og sentrale Austlandet.

Tog: Otta togstasjon ligg 25 minutt unna. Du kan ta buss videre til Vågå

Fly: 3,5 timar til Gardermoen med bil eller tog.

© 2024 av Vågå Kommune

Tekst: Gull & Gråstein   Foto: Kristoffer Thuestad

bottom of page