Barnehagar
Barnehagane i Vågå er – bokstaveleg talt – i Noregstoppen. Kompetansa er høg, naturen eventyrleg, omgjevnadene storslåtte og aktivitetsnivået deretter. Og du er sjølvsagt garantert plass.
0 - 6 år
Søre Grindstugu
Søre Grindstugu er sentrumsbarnehagen i Vågåmo med eit mål å bli glad av: “Barn sitt beste!”. Næraste naboar er to skuler som vi har tett og god omgang med, idretthall, symjehall og kulturhuset. I nærområdet ligg mange fine turstigar, og strandsona ved Vågåvatnet med gapahuk og friarealet i Dompe er mykje nytta av ungar og vaksne. Her har vi stutt veg for å banke på sjå trollet Jutul’n som held til bak Jutulporten! Ved Vågåvatnet har vi vår eigen eventyrskog og gapahuk som er mykje brukt, og om vinteren blir det køyrt opp populære skiløyper på jordet ved barnehagen. Barnehagen har flott uteområde og gangavstand til sentrum med masse aktivitetstilbod.
-
Sentral plassering = enkel logistikk
-
Mange leikekameratar
-
Mjuk overgang til skulen i nabobygget saman med ein kjent vaksenperson frå barnehagen
-
Engasjerte, kreative og omsorgsfulle vaksne
-
To måltid etter anbefaling frå helsedirektoratet
-
Tilbod om synkjing med barnehagen for 5-åringane
-
Godt med boltreplass både inne og ute
1 - 6 år
Tytingen gards- og
naturbarnehage
På Tytingen luktar det fjos i barnehagen. Og barnehage i fjoset. Her ventar aktive dagar for både små og store, to- og firbeinte. Tytingen er ein del av tunet på storgarden Klones og har tilgang til sauefjos, grisebinge og stall. Barnehagen held sjølve kaninar og høner, og har hyppig tilgang på hestar og hund. Tytingen vektlegg tre element: Garden og dyra, naturen og friluftsliv og frå jord til bord. Vi legg vi stor vekt på tradisjonar, kontakt på tvers av generasjonar og nærmiljøet. Vakre Vågåvatnet og Klonesodden ligg ein liten rusletur nedanfor barnehagen, og i skogen har vi gapahukar og mange prosjekt.
-
Tre minutt utanfor Vågåmo sentrum
-
Tilstadeverande, varme og engasjerte vaksne
-
Mykje ute i all slags vær
-
Opplevingar ute i skog og mark
-
Nærkontakt med dyra på Klones
-
Tilgang til både fjos og stall med sau, geit, hønar og hest
-
Frå jord til bord - Med blant anna grønsakshage og bærbuskar i barnehagen, bærtur i skogen, mjølkekyr i fjoset, egg frå hønane.
0 - 6 år
Lalm barnehage
Ei drøy mil aust for Vågåmo ligg Lalm barnehage i ei særs aktiv grend med skule, samfunnshus, daglegvare og eit fantastisk uteområde. Vi held til midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi har ljosløype tvers gjennom tunet, stor og flott ballbinge, handball- og fotballbaner, klatrestativ, husker, fin akebakke og kort avstand til idrettsplass, lavvo og gapahuk. Vi disponerer også det lokale samfunnshuset. Barnehagen ligg under same tak som barneskulen og samarbeider godt med dei – noko som lettar skulestarten for dei små. Samværet lettar overgangen frå barnehagen til skulen for ungane.
-
12 minutt i bil aust for Vågåmo sentrum
-
Fint uteområde
-
Lett tilgang til idrettstilbod av mange slag
-
Lette og lyse lokale
-
Femåringane har svømmeopplæring / vanntilvenning
-
Vi har to måltid kvar dag, lunsj og frukt / brød / knekkebrød om ettermiddagen. I tillegg har vi varmmat to dagar i veka.
-
Vi har god " boltreplass ", både inne og ute.