top of page

Våg å leve

Våg å leve er ei nettside kor du kan finne ut om å flytte til bygda er det rette for deg. Når kvardagane er eit kappløp for å få henting, levering, husarbeid, handling, kveldsjobbing, familiebesøk, fritidsaktiviteter, middagslaging, ekteskap og eigentid til å gå opp, gjeld det å ta smarte val.

Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-3.jpg

Her kan du bo, jobbe og leike

Tid til kvarandre - Rom til å leve

Rundt deg spinn verda stadig raskare, men det er framleis mogleg å tøyle farta i eige liv. Hoppe av hardkjøret, til eit tilvære der tida faktisk går sakte, men likevel er fylt med meining. Her midt mellom Jotunheimen, Reinheimen, Breheimen, Dovrefjell og Rondane, er vi bortskjemde med ein kvardag som er:

Køfri. Og avstandane er så små at du ofte kan droppe bilen og heller gå eller sykle til gjeremåla. Dei gongane du set deg i bilen er reisa eit frikvarter i spenstig natur, ikkje ein frustrerande tidstjuv morgon og kveld.


Romsleg. På bygda er heimen ein arena for samvær og avkobling, til ein pris som gjer det mogleg å unngå trengsel og kaos mellom fire vegger. Kva med eit skikkeleg leikerom eller eige musikkstudio? Frukthage, garasje og gjerne uthus? Men pass opp, plutseleg er familien utvida med både katt og kaninar.


Roleg. Hos oss er tida noko du fyller med opplevingar, ikkje ei klokke du kjempar mot. Kloss inntil dørstokken lokkar eventyrskog, høgfjell og fire gamaldagse årstider som innbyr til leik – slik at sjølv mor kan finne tid til å dyrke eigne interesser.


Spanande. Hos oss masar sjeldan ungar om å få iPaden ved middagsbordet, dei er for opptekne med å fortelje om geitekillingane dei har klappa, ørreten dei lurte i bekken – eller har det for travelt med å kome seg ut att i akebakken.

Vågå på 1,2,3

  • Snaut 3600 livsnytarar busett i hjarta av Fjell-Noreg.

  • Krinsa av fem nasjonalparkar – mellom anna Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell.

  • Blomstrande reiseliv, handel, industri og kreative verksemder.

  • Full barnehagedekning – med gards-og naturbarnehage, barnehage på Lalm og sentrumsbarnehage.

  • Barneskule og ungdomsskule i bygda, og ein halvtime til vidaregåande skule.

  • Særs aktivt kulturliv og masse idrettstilbod – inkludert landets trivelegaste alpinanlegg.

  • Innlandsklima med gode snøvintrar og varme somrar.

Reinsdyr_vågå_gjende_Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-47-2.jpg

Kontakt oss


Vil du kontakte nokon i Vågå? Prøv bygdeambassadør Tora Sandbu, eller næringssjef Live Brimi.
Ta kontakt med Servicetorget eller sjå oversikta over tilsette for Vågå Kommune.

Addresse

Vågå kommune

Edvard Stormsveg 2
2680 Vågå

Kontakt

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram

Åpningstider Vågå kommune

Mån - Fre

07.30 - 15.00

Send oss ein beskjed så kjem oss

attende til deg så raskt som mogleg

bottom of page