Våg å Leve
Kva ønskjer du deg meir av i kvardagen? Tid?
Samvær med familien? Opplevingar?
Å flytte til bygda kan gi deg eit liv med meir ro og nærheit til naturen, men også spennande opplevingar og eventyr. I Vågå finn du den enkle livsstilen utan stress med eit støttande lokalsamfunn samstundes som at du har moglegheita til å møte nye utfordringar – både i arbeid og fritid. Våg å satse på eit liv med både ro og spenning – er du klar for å oppdage ein kvardag full av moglegheiter?
Våg å leve!
Frå jobb til fjell på nokre få minuttar
Eit verdival
Er du klar for å få meir fritid og kvalitetstid med familien? I Vågå har vi fritidstilbod for dei aller fleste, og mykje å velgje mellom for store og små. Med eit lågare tempo i livet og tilgang til naturen og utandørsaktivitetar kan du skape eit tilfredsstillande og balansert liv som lar deg verkeleg nyte augeblikkane som betyr mest.
Friluftsliv i verdsklasse
Rundt deg spinn verda stadig raskare, men det er framleis mogleg å tøyle farta i eige liv. Her midt mellom Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, er vi bortskjemde med friluftsliv i absolutt verdsklasse, fire fantastiske årstider og sjølvsagt: God gamaldags vinter.
Ny i Vågå?
Er du ny i bygda? Send ein e-post eller slå på tråden til bygdeambassadør Tora Sandbu. Vågå har mange entusiastar som meir enn gjerne tek deg med på aktivitetar og gir dei ei innføring som gjer det lett for deg å leve det gode bygdelivet. Poenget er å gi deg nokre fleire kjente fjes i kommunen, rett og slett la deg koma «under huda» på bygda raskare enn du elles ville gjort. Vi ser fram til å bli kjende med deg – og gjere deg kjend med bygda!
Fritidstilbod
Vågå er ei aktiv bygd! Her finn du idrettslag med breitt tilbod, blomstrande kulturskule, råaste sykkelparken i landet, klatrevegg, padleelv, ljosløyper, friluftsliv i verdstoppen og sjølve prikken over i-en: Landets trivelegaste alpinsenter med verdas dyktigaste frikøyrarar.
Sjå også Vågå Kommune sine sider for komplett liste over lag, foreininger, og fritidstilbod.
Halland Idrettsanlegg
-
Idrettsanlegg med kunstgressbane, grusbane og idrettsbane
-
Idrettshall
-
Innendørs klatrevegg
-
Innebandy
-
Tennis-baner
-
Fotball
-
Handball
-
Symjehall
Ishockeybane
-
Ishockeytrening på Lalm ishockeybane
-
Ishockeybane på Vågåmo skule
Motorcross
-
Motorcrossbane
Klatring
-
Innandørsklatring
-
Buldring
-
Nybyrjarkurs
-
Barneklatring
-
Utandørsklatring
-
Toppturar
-
Isklatring
Ski
-
Lysløyper flere steder i Vågå
-
Langrennsløyper både i sentrum, nær sentrum og til fjells
-
Lemonsjøen Alpinsenter
Sykkel
-
Sykkelpark
-
Sykkelutleie
Luftsport
-
Nasjonalsenter for luftsport
-
Hanggliding
-
Paragliding
-
Seilfly
Hund
-
Randsverk fuglehundtrening