top of page
Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-15.jpg

Skular

I Vågåmo sentrum finn du på rad og rekke framifrå barneskule, ungdomsskule og barnehage med fulle årstrinn. I tillegg finn du vidaregåande skular i tre nabobygder. I Vågå finn du eit godt skuletilbodet.

1. - 7. trinn

Vågåmo skule

Barneskulen i Vågåmo har alt du kan ønskje deg av ein skule – og enno mykje meir. I vårt hovud er den beste skulegangen ein som gir elevane optimale moglegheiter til å utvikle seg og lære på mange arenaer. Pedagogikken står i sentrum for alt vi gjer, og i vårt moderne skulebygg blir læring kobla med IKT-løysingar for vår tid. Alle elevar får tildelt eige PC fyrste skuledag. Uteområdet vårt er læringsarena i seg sjølv. Her boltrar elevane seg i bakkar, skulpturar og leikeapparat som stimulerar både fysikken og fantasien. Vinterstid islegg vi ishockeybane inne på skulegarden, og oppkjørt langrennsløype og råaste sykkel- og skateparken i Skule-Noreg har vi rett utanfor gjerdet. I gangavstand frå skulen ligg framifrå friområder, idretts- og kulturtilbod.​

Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-16.jpg
Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-15.jpg
8. - 10. trinn

Vågå ungdomsskule

Ungdomsskulen i Vågåmo har fulle klasser(Alternativt: to klasser på kvart trinn) og elevar som er særs aktive innan idrett, kultur, lag og foreiningar. I vårt hovud er den beste skulegangen ein som gir elevane optimale moglegheiter til å utvikle seg og lære på mange arenaer. Pedagogikken står i sentrum for alt vi gjer, støtta opp av IKT-løysingar for vår tid. Skulen ligg vegg i vegg med barneskule og barnehage sentralt plassert i Vågåmo med fantastiske friområder, idretts- og kulturtilbod i gåavstand. Her ligg absolutt alt til rette for ei aktiv og lærerik oppvekst!

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

I Vågå sine nabobygder finn du vidaregåande avdelingar med breitt tilbod av studieretningar. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er meir enn ein arena for undervisning og læring. Ekskursjonar, verskapsdagar i Nasjonalparkriket, utplassering i bedrifter og elevutveksling med andre land i Europa er òg viktig. Skulen rustar deg for framtida ved å vera miljømedvitne, bruke moderne teknologi og samarbeide internasjonalt. Som elev hos oss opplever du å bli stilt krav til og bli tatt på alvor, du får faglege utfordringar, lever og lærer i eit trygt skulemiljø. Med andre ord: Vi ønskjer at du som elev skal oppleve både trivsel, meistring og utfordringar på ditt nivå.

 

  • Avdeling Otta: 25 min.

  • Avdeling Lom: 25 min.

Foto- Kristoffer M+ªle Thuestad-3.jpg
bottom of page