top of page

Kart frå Vågå

Namnet Vågå kan kome frå norrøne vega som betyr reise. Området ligg i ei aust-vestlig rute som er nemnt i Heimskringla. Det norrøne ordet kan også vere avleda frå Vaga, akkusativ- og dativform av Vagi, som var utgangspunktet for namnet Vågåvatn.

Vågå har grense mot 7 andre kommunar: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Totalt er kommunens areal på 1.330km2. Ca tre firedeler av arealet ligg høgare enn 900 moh. Sør i kommunen ligg Jotunheimen nasjonalpark, med Gjende og Besseggen som ikon i norsk natur. Besseggen vart kåra av National Geographic som ein av verdas 20 beste fjellvandringar.

 

På denne sida finn du handteikna kart over Vågåmo, samt turkart frå populære turdestinasjoner i Vågå, Jotunheimen.

Turkart / Løypekart for Vågå

Vegen til Vågå

Vågåmo, 2680 Vågå

Fjellbygda Vågå ligg midt i smørauget av norske fjell og dalar – med kort veg til Vestlandet og god kommunikasjon til sentrale Austland​. Visste du at Vågå er omkransa av heile fem nasjonalparkar?

Bil: 4 timar til Oslo, ein halvtime kjappare til Trondheim

Buss: Ekspressruter til Vestlandet og sentrale Austlandet.

Tog: Otta togstasjon ligg 25 minutt unna. Du kan ta buss videre til Vågå

Fly: 3,5 timar til Gardermoen med bil eller tog.

© 2024 av Vågå Kommune

Tekst: Gull & Gråstein   Foto: Kristoffer Thuestad

bottom of page