top of page

Mette Ragnhild Valde Damstuen - Multikunstnaren

Gründer, målar, teiknar, kunstnar, tobarnsmor, kone og dagleg leiar – Mette Ragnhild Valde Damstuen har stort sett ein blyant mellom fingrane og vakre motiv i sikte.

Mette Ragnhild Valde Damstuen_Lugumstugu_ Foto-Kristoffer-Mæle-Thuestad-31-1024x683.jpg

Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

Mette Ragnhild har støtt budd i Vågå. Trong til å flytte frå bygda har ho aldri hatt.

​

– Eg fann mannen min i Vågå, eg starta gründervirksomheita mi i Vågå og eg har familien min i Vågå.

​

Dama som har alt på eitt brett bur sjølvsagt eit steinkast frå Lugumstugu. Butikken som har alt.

​​

​

BUTIKK MED SJEL 

Dialektuttrykket Lugum betyr at noe er flott eller fint, og gjerne av god kvalitet. Butikken held tydelegvis kva namnet lovar: På dei 15 åra som har gått sidan Mette Ragnhild og ei venninne starta Lugumstugu har talet på tilsette gått frå to til heile sju.

​

– Vi ynskja ikkje å vere ein kjedebutikk, men tilby ein personleg og sjarmerande handleopplevelse. Inspirasjonen til å utvikle seg vidare voks i tråd med alle godorda vi fekk frå kundar.

​

Går du forbi dei store butikkvindauga som alltid er smakfullt dekorert opp med blomar og diverse interiør, ja så må du berre kikke inn.

​

– Lugumstugu starta som ein blomsterbutikk, men vi har utvida tilbodet steg for steg. Det siste vi har teke inn i butikken er dameklede.

 

​

LEVANDE SENTRUM

Går du deg ei runde i butikken ser du fort at dei lugume jentene har noko for både auga, kropp og gane og. Lukta av sjokolade, nykverna te og kaffi brer seg i butikklokala. Jentene er rause til å fylle opp skåla for prøvesmaking.

 

 

"Lukta av sjokolade, nykverna te og kaffi brer seg i butikklokala. Jentene er rause til å fylle opp skåla for prøvesmaking"

​

​

– Vi var langt på veg til å starte nettbutikk, men slo det frå oss. Ynskje om å få kundane inn i butikken og vakre og levande Vågåmo sentrum var større enn å kunne tene litt meir sjølve.

Målet deira er å lokke fleir folk til Lugumstugu og bygda.

​​

​

KUNSTNARSPIRE 

Mette Ragnhild har støtt likt å teikne og måle.

​

– Draumen er å utvikle kreativiteten min enno meir og drive meir med både teikning og måling. Ynskjet er å få tid nok til å måle på bestilling.

​

Teikningane og akvarellmåleria Mette Ragnhild lagar, prydar mang ein vegg i bygda. Alle korta dei sel i butikken vil framover vere handteikna av den lugume gründaren.

 

 

Kva slags kvalitetar sett du mest pris på i Vågå?

– At livet er roleg og godt her, og at du kan gå ut av døra å velja i flust av turalternativ anten du bur i eller utanfor sentrum.

​

​

Vil du dele ei hemmeleg perle i Vågå?​

– ”Brygga” ved hytta vår på Lemonsjøen!​

​

​

Kva diggar du mest med Vågå?​

– Sentrumet her som er så tett, levande, innhaldsrikt å triveleg.

Vegen til Vågå

Vågåmo, 2680 Vågå

Fjellbygda Vågå ligg midt i smørauget av norske fjell og dalar – med kort veg til Vestlandet og god kommunikasjon til sentrale Austland​. Visste du at Vågå er omkransa av heile fem nasjonalparkar?

Bil: 4 timar til Oslo, ein halvtime kjappare til Trondheim

Buss: Ekspressruter til Vestlandet og sentrale Austlandet.

Tog: Otta togstasjon ligg 25 minutt unna. Du kan ta buss videre til Vågå

Fly: 3,5 timar til Gardermoen med bil eller tog.

© 2024 av Vågå Kommune

​Tekst: Gull & Gråstein   Foto: Kristoffer Thuestad

bottom of page